Squash og graskar
– Vent med utplanting til faren for frost er over, jorda er minst ca. 10–12 °C, og nettene held seg minst over 8–10 °C.
– Nattetemperaturen bør aller helst over 15 °C før ein plantar ut, men her på Vestlandet må vi då kanskje vente evig med utplantinga. Bruk fiberduk over plantane for raskare etablering og god vekst. Hugs at fiberduken må av for å få pollinering av squashblomane.
– Vel ein lun og solrik vekseplass. Squash og graskar trivst dårleg i kald vind og trekk, og varm jord gir raskare etablering og sterkare plantar.
– Pass på at plantane er godt herda før utplanting. Herd plantene gradvis i 5–7 dagar før utplanting, slik at dei toler sol, vind og temperaturendringar betre. Velg om mogleg ein overskya dag for utplanting.
– Er du utålmodig etter å kome i gang, kan du varme opp jorda ved å leggje svart plast på planteplassen nokre dagar eller veker før utplanting. Svart plastdekke rundt plantene etter planting kan også gi høgare jordtemperatur, betre vekst og mindre ugras.
– Ver varsam med røtene ved utplanting – squash og graskar har ømtålege røter og likar dårleg å bli forstyrra eller stå rotbundne. Det er også grunnen til at plantane ikkje bør bli for store før utplanting, dei likar dårleg å stå trangt i potta.
– Unngå rothalsråte ved å plante i veldrenert jord, ikkje djupare enn plantene stod i potta, og unngå at rothalsen blir ståande våt over tid.
– Plant i næringsrik jord med mykje kompost eller godt omdanna gjødsel, og gje god plass mellom plantene slik at lufta slepp til.
– Vatn godt og jamt gjennom sesongen, spesielt i tørre periodar. Det er betre å vatne rikeleg og sjeldnare enn litt og ofte, slik at røtene søkjer djupare i jorda.
– Dårleg pollinering kan gi små frukter som gulnar og rotnar. Blomstrar og insekt rundt kjøkkenhagen gir betre pollinering og jamnare avling.
– Haust squash små og jamleg – det stimulerer planten til å setje fleire frukter gjennom sesongen.
– Lykke til med dyrkesesongen –
Viser alle 9 resultaterSortert etter pris: Lav til høy
-

Squash – Mørk grøn squash – Black Beauty – økologisk småplante
kr 39,00 Legg i handlekurv -

Squash – Gul squash – Gold Rush -økologisk småplante
kr 39,00 Legg i handlekurv -

Graskar – Grågrønt matgraskar – kabocha Crown Prince – økologisk småplante
kr 39,00 Legg i handlekurv -

Graskar – Matgraskar – Sweet Mama – økologisk småplante
kr 39,00 Legg i handlekurv -

Squash – Grøn marmorert squash – Striato d’ Italia – økologisk småplante
kr 39,00 Legg i handlekurv -

Squash – Mørk grøn squash for små hagar – Midnight F1 – økologisk småplante
kr 39,00 Legg i handlekurv -

Graskar – Eikenøttgraskar – Tuffy – økologisk småplante
kr 39,00 Legg i handlekurv -

Graskar – Kjempegraskar – Dills Atlantic Giant – økologisk småplante
kr 39,00 Legg i handlekurv -

Graskar Minihubbard for små hagar – Bush Baby – økologisk småplante
kr 39,00 Legg i handlekurv