Bønner
Plantene er forkultiverte i små brett med ca 6 plantar i brettet. Bønnene trivst best når dei blir planta ut medan dei framleis er unge.
• Plant ut når frostfaren er over og jorda er godt oppvarma. Fiberduk kan vere nyttig ved kjølege netter eller mykje vind.
• Vel ein lun og solrik plass med moldrik og veldrenert jord.
• Vatn plantebrettet godt før utplanting.
• Løft ut heile jordklumpen forsiktig slik at røtene blir minst mogleg forstyrra og del forsiktig opp i enkeltplantar. Plant ut i avstand spesifisert for den enkelte sorten.
• Buskbønner treng vanlegvis ikkje støtte. Stangbønner bør få støtte med ein gong.
• Vatn godt etter planting og hald jorda jamt fuktig den første tida.
•• Jamn hausting gjev lengre og rikare avling.
• Rå eller utilstrekkeleg varmebehandla bønner inneheld lektin som kan gje mageproblem og forgiftningssymptom. Varmebehandling gjer bønnene trygge å ete.
Bønner kan delast inn etter korleis planten veks (Busk/Stang) eller etter korleis bønnene blir brukt (Bryt/Skjær/Frø)
Buskbønner er låge og kompakte plantar som vanlegvis ikkje treng støtte.
Stangbønner er klatrande plantar som treng stativ, nett eller anna støtte.
Brytbønner
Bønner som blir hausta unge og etne som ferske belger. Belgene er oftast runde eller ovale. Aspargesbønne er ein type ekstra lang, slank og mør brekkbønne.
Skjærbønner
Breiare og flatare belgar som tradisjonelt blir skorne opp før bruk. Blir som brytbønnene hausta unge og etne som ferske belgar.
Voksbønner (ein underkategori av brekk/skjærbønne sortert på farge)
Gule eller lyse ferskbønner som blir brukte på same måte som bryt/skjærbønner. Namnet kjem frå den voksaktige lyse fargen på belgane
Frøbønner (kokebønner)
Bønner som får modne heilt før frøa blir tørka og brukte til mat.
Mange bryt- og skjærbønner kan også modne fullt og brukast som tørka kokebønner. På same måte kan fleire frøbønner etast unge som ferske belger eller som halvmodne bønnefrø.
Spesielle typar bønner:
Edamamebønner
Soyabønner som blir hausta grøne og halvmodne.
Bondebønner
Ei eiga belgvekstgruppe med store frø, vakre blomar og god kuldetoleranse.
Viser alle 6 resultaterSortert etter pris: Lav til høy
-

Apargesbønner (brekkbønner) – Stanley – økologiske småplantar i brett (ca 6 stk)
kr 72,00 Legg i handlekurv -

Frøbønne Black Turtle – økologiske småplantar i brett (ca 6 stk)
kr 72,00 Legg i handlekurv -

Frøbønne (Kidney) Canadian Wonder – økologiske småplantar i brett (ca 6 stk)
kr 72,00 Legg i handlekurv -

Brytbønne Marone (lavtveksande) – økologiske småplantar i brett (ca 6 stk)
kr 72,00 Legg i handlekurv -

Frøbønne Borlotto Lingua di Fuoco Nano – økologiske småplantar i brett (ca 6 stk)
kr 72,00 Legg i handlekurv -

Cannellino (frøbønne) – Økologiske småplantar i brett (ca 6 stk)
kr 72,00 Legg i handlekurv