Beskrivelse
Wasabi er ein plante i korsblomefamilien, i slekt med kål, sennep og peparrot. Planten veks naturleg langs fjellbekkar i dalar i Japan. Rota til wasabi-planten blir brukt som krydder, og har ein ekstremt sterk smak. Her til lands er rota mest kjend som den grøne veldig sterke wasabi-pastaen som ein brukar til sushi. Men som regel er det faktisk ikkje wasabirot i den pastaen som blir brukt til sushi i Norge fordi det er ei dyr rot og pastaen av den har kort haldbarheit. I staden blir det ofte brukt peparrot, sennep og fargetilsetjing.
Her i tunet er vi veldig glade i sushi og vi drøymer om sushi med ekte wasabipasta. Så då måtte det bli eit brett med wasabistiklingar i år.
Fersk wasabi raspar ein på eit veldig fintanna rivjern – ein oroshigane – før bruk, og det må haldast tildekka til det skal brukast fordi smaken lett vert forringa. Vi gledar oss noko heilt enormt til å prøve! Men tålmod må ein ha. Rota kan haustast etter 12-18 månedar. Wasabiblada er mildare på smak og kan finhakkast og brukast som garnityr på sushi og nudelrettar medan vi ventar på rota.
Wasabi er ikkje lett å dyrke. Nøkkelen er temperaturkontroll. Plantane mistrives over 25 grader og dør over 30 grader. Så dette er ikkje ein plante for varme solfylte veksthus. Den vil trives best i den kjøligaste mest skuggefulle delen av hagen, gjerne ved sidan av rennande vatn. Den vil ha jevn kald fukt men ikkje stå i stilleståande vatn. Vi har ein draum om ein matskog på ytste skiftet mot nabogarden på Gloppestad. Mellom gardane har vi eit jøl med ei sildre og vi håpar og trur at Wasabien vil finne seg godt til rette i jølkanten ved sildra i skuggen av gamle historiske eple- og pæretre. Planten er fleirårig og toler frost, så om vi berre får den til å etablere seg og trives er det håp om wasabi som ein årvisst innslag i matskogen.
Latinsk namn: Eutrema japonicum
