Tomat Brandywine (veksthus, biff, ranke, kulturarv) – Økologisk småplante

kr 48,00

OBS! Vi sender ikkje i posten. Dette er betalingssystemet for det sjølvbetjente planteutsalget frå garden vår

Debiomerke farger med norsk kode

Økologisk småplante. Firkantpotte (7,5×7,5×7 cm). Pottevolum: 0,273 liter

Kjem for salg snart

Beskrivelse

Vi dyrkar vanlegvis ikkje bifftomatar fordi små cherry/cocktail tomatsortar har betre sjanse til å bli modne og gje stor og vellukka avling i vestlandsklimaet. Vi har gjort eit unntak for Brandywine i veksthus på grunn av den eksepsjonelle smaken.

Brandywine er ein veksthus bifftomat som opphaveleg kom frå Tyskland og Amish-folket i USA har dyrka den sidan 1885. Denne kulturarvsorten er særs populær på grunn av den utruleg saftige og fyldige smaken. Det er ein skjør tomat med tynt skal som må handterast varsamt.  Sorten har karakteristiske potetblad. Vi dyrkar den klassiske originale raudrosa Brandywine men også Yellow Brandywine (gul) og Black Brandywine (mahognyraud med grøn skulder). Brandywine egnar seg ypparleg til fersk bruk, skiver på brød eller i ein enkel tomatsalat.

Brandywine må dyrkast i veksthus og den er ein ranketomat som passar fint til nedfiringsmetoden. Sideskota bør fjernast på denne sorten.

Tomat-type: Ranketomat (indeterminert vekstform). Høgtveksande, blir mellom 150 til 250 cm høg, treng oppbinding (eks. nedfiringsmetoden) og sideskota bør fjernast (tjuvast). Må dyrkast i veksthus.

Utviklingstid: Ca 78 dagar frå utplanting til hausting
Plantavstand: 35-55 cm
Radavstand: 50-70 cm
Plantehøgde: 150-200 cm

Foto og info: Husmannshagan og Runåberg

Latinsk navn: Solanum lycopersicum

Dyrkerettleiing tomat

Bra skrive av Maria Berg Hestad om å IKKJE ta frø av daglegvaretomatar : IKKE legg tomatskiver i jord! – mariaberghestad.no