Beskrivelse
Norderås Busk er ein veldig tidleg tomatsort. I solhatt sine forsøk i eit kalddrivhus var Norderås Busk ca. 10 dager tidligere enn Matina som er kjend for å vere tidleg. På busktomatar treng ein ikkje fjerne sideskot, men det er ein fordel å begrense antalet stammar til 3 eller 4. Dette gjev ein meir kontrollert vekst med mindre bladverk og større frukter. For mykje bladverk aukar faren for soppsjukdomar.
Norderås Busk er ein norsk kulturarvsort som er eit resultat av foredlingsarbeid som vart gjort ved institutt for grønsaksdyrking ved Norges Landbrukshøgskule på 1950-talet. Sorten er godt egna i privathagar fordi den er tidleg, robust, sterk mot tørråte, har god smak og gjev høg avling. Vi dyrka den i 2024 og syntes det var ein fin tomatsort for hobbydyrking.
Foto og info: Solhatt
Latinsk navn: Solanum lycopersicum
Norderås Busk Norsk Kulturarvsort
Bra skrive av Maria Berg Hestad om å ta frø av daglegvaretomatar : IKKE legg tomatskiver i jord! – mariaberghestad.no