Beskrivelse
Den tidligaste standardsorten og den veks betre i kjøligare jord/klima enn dei fleste andre maissortar. Den gjev 15-17 cm lange klargule maiskolbar med nydeleg smak, riktignok ikkje fullt så søt smak som dei moderne hybridsortane.
Sukkermais er hausteklar når silketrådane har visna heilt og kolbane har blitt lubne og frøa har ein svakt gul farge. Når ein trykker neglen ned på eit maiskorn skal det komme ut ei tjuktflytande mjølkekvit saft dersom kolben er moden. Kok kolbane umiddelbart og nyt, ved lagring omdannes sukkeret til stivelse og kolben blir mindre søt. Kolbane kan fryses eller konserveres.
Plante- og radavstand: Ha 20-30 cm mellom plantane og 70-80 cm mellom radene. Eller dyrk i dobbeltrader med 10-20 cm mellom annankvar rad. Plant gjerne mais i eit kvadrat heller enn rader, då blir dei lettare pollinert. Ein bør ha minimum fire maisplantar for å få god pollinering. Mais bør dyrkast med minst 100 meter mellom kvar maissort for å hindre krysning. Hvis det blir kryssbestøving kan resultatet bli veldig rare og lite gode maiskolbar.
Plantehøgde: ca 180-250 cm
Latinsk namn: Zea mays var. saccharata