Beskrivelse
Høgde: Ca 150-180 cm
Radavstand: 50 cm
Planteavstad: 5-10 cm
Det er andre året vi har Tidleg Grøn Sabel på sålista vår og den leverer både på tidleg og stor avling av lange og breie belgar. Tidleg Grøn Sabel er ein bevart norsk sukkerertsort som i 2014 vart godkjent som tradisjonssort og PLANTEARVEN®-sort. Opphavet er ikkje fullstendig kjent. Ein teori er at sorten stammar frå eit utval gjort i sorten Tidleg sabel. Tidleg sabel var eit resultat av eit foredlingsarbeid som vart gjort av professor Bremer ved Norges landbrukshøgskole på Ås i 1928. Professor Bremer kryssa ein utvalgt linje av sorten Engelsk sabel med pillertsorten Saxa. Resultatet av kryssinga vart ein sort som var tidlegere enn sorten Engelsk sabel. Tidleg Grøn sabel er ein høgtveksande sort som treng solid støtte. Bruk den fersk i salater, wok, lettkokt eller berre som knask.
Latinsk plantenamn: Pisum sativum L.
Foto og tekst: Solhatt
Les meir om Tidleg Grøn Sabel sin status som tradisjonssort og PLANTEARVEN-sort.