Beskrivelse
Søtpotet er ein varmekrevande slyngplante som dannar knollar på røtene. Denne sorten er tidleg og produktiv berre den får nok varme. Knollane har oransje innside og raudleg skal, og smaken er søt og aromatisk. Planten har dekorative blad og veks som ein slyngplante som brer seg utover. Vi har freista å dyrke søtpotet på friland i fleire år, og har konkludert med at dersom vi skal bli fornøgd med avlinga så må vi nok ha den i veksthus her på garden. Ikkje så rart når ein tek med i betraktning at planten trives best i full sol og 25 grader på det jamne.
Vi set ei søtpotet i kvar store potte i næringsrik godt drenert jord. Vi set pottene ut i veksthuset samstundes som tomat, chili og paprika flyttar ut i veksthuset når dag- og nattetemperaturen på den jamne er over 10 grader. Vi set espalier i pottene som slyngplanten får klatre i. Når blada byrjar å gulne etter 90-120 dagar haustar vi inn røtene. Dei toler ikkje frost.
Om du vil freiste søtpotet på friland under duk kan den gjerne vekse utover marka, men pass på at bladverket ikkje røtar seg vidare, det tek veksekraft frå knollane
Søtpotet føretrekk velgjødsla og veldrenert jord med sur til nøytral pH. Gjødsle med kaliumrik gjødsel (tips: mykje kalium i bananskall….). Pass på å vatne godt, men la det tørke opp mellom kvar vatning.
Latinsk namn: Ipomoea batatas
Youtubevideo med nyttige tips om søtpotetdyrking (engelsk)

