Beskrivelse
Ungarsk sort berekna til dyrking i veksthus. Tidleg paprika med lysegrøne, kjøtfulle, spisse frukter. Blir raude ved modning. Kompakt og stødig plante som vert omlag 40 cm høg.
Vi har dyrka den i 3,5 liters potter på undervatningskål i drivhuset og gjødsla med pelletert hønsegjødsel berekna på grønsaker. Denne går det også an å dyrke inne på kjøkkenet dersom ein har ein litt stor glaskarm. Det går an å klippe planten litt ned og forsøke å overvintre den inne (sjekk planten nøye for utøy først, stor risiko for å dra med seg inn skadedyr).
Å tenke på i drivhuset i sesongen og glaskarmen ved overvintring
- Hærmygg: For å redusere risikoen for hærmygg (små svarte «bananfluer» som surrar rundt planten) er det lurt å sette ei gul limfelle i potta for å fange eventuelle hærmygg som kan dukke opp. Dersom ein passar på å bruke undervatning (hærmygglarvane bur i dei 2-3 øverste cm med jord og tåler ikkje tørke) og limfeller held ein som regel hærmyggen i sjakk. Om ein får store problemer med hærmygg finst det nematoder ein kan prøve for å få bukt med problemet (f.eks. Nemablom). Om hærmygg
- Bladlus: Paprika og Chili er spesielt utsett for bladlus (litt på samme måte som roser). Det viktigaste forebyggande ein kan gjere er å stelle planten god, ein stressa plante får lettare lus. Overgjødsling bør ein også unngå. Sjekk undersida av blada ofte (lusa sit gjerne på undersida). og knip vekk lus med ein gang dei dukkar opp. I Måneskinshagen behandlar vi i tillegg plantane våre forebyggande med grønsåpe ein gang i veka. Då blandar vi 1-1,5 dl grønsåpe til 5 liter vatn og har det på ei sprayflaske. Vi sprayar godt på både oversida og undersida av blada. Første gangane i sesongen prøvar vi først på eit blad for å sjekke at grønsåpa og konsentrasjonen vi har valgt ikkje skadar spede blad. Om ein til trass for forebyggande tiltak får luseangrep kan ein spyle vekk større mengder lus med vatn. Om lusa kjem tilbake kan ein eventuelt spraye på ei blanding av grønsåpe og rapsolje (5 l vatn, 1 dl grønsåpe, 1,5 dl rapsolje, 0,5 ss bakepulver, 1 dråpe oppvaskmiddel). Test først på eit blad for å sjå om planten tåler blandinga. Unngå direkte sollys på plantane eit par dagar etterpå for å unngå å få stygge blad på planten. Gjenta etter ei veke når evt. luse-egg har klekt. Ved ekstreme angrep finst det rovmidd ein kan prøve for å få bukt med problemet. Om bladlus
- Spinnmidd: Om spinnmidd
Latinsk namn: Capsicum annuum

