Beskrivelse
Vi klarar aldri å gå fordi frøposar av raude kålvariantar. Dette er ein raud/lilla sort rosenkål som heiter Rubine. Planten blir stor og omfangsrik, nærare ein meter høg. Den hausteklare rosenkålen tåler kulda bra. Sorten er gammal, og har vore dyrka heilt tilbake til 1930-talet. Den har kulerunde rosenkål som blir ca 2,5-3,5 cm i diameter. Den brukar lang tid på å vekse seg hausteklar, men står til gjengjeld fint langt utover vinteren.
Rosenkål er generelt ein herdig kåltype og smaken blir søtare og meir “nøtteaktig” etter nokre skikkelege frostnetter. Dersom ein ønskjer å kunne hauste alle rosenkåla på stengelen samstundes må ein toppe planten (skjære av rosetten øverst) når dei nedste rosenkåla er omtrent 1,5 cm i diameter. Utviklinga av rosenkåla blir då jamnare og tidlegare. Dersom ein ønskjer å la rosenkålstengelen stå ute på vinteren bør ein ikkje toppe den fordi den blir mindre herdig utan den. Rosenkåltoppen kan ein ete, den er god som lettkokt/smørdampa.
Latinsk namn: Brassica oleracea var. gemmifera
Foto: Solhatt.no