Kornblomst – blomar ein kan ete

kr 59,00

Debiomerke farger med norsk kode

OBS! Vi sender ikkje i posten. Dette er betalingssystemet for det sjølvbetjente planteutsalget frå garden vår.

Økologisk småplante

27 på lager

Beskrivelse

Fargeblanding av kornblomstar i kvite, blå, rosa/raude og fiolette/svare nyansar. Kornblomst er ein verdifull plante i samplanting med grønsaker og urter. Dei nektarrike blomane trekkjer til seg bier, humler og andre pollinerande insekt som kan bidra til betre avling på vekstar som treng pollinering. Samstundes gir blomane mat og leveområde for nyttige insekt som bidreg til eit rikt og balansert hagemiljø. Kornblomst passar godt mellom grønsaker, langs bedkantar og i blomsterstriper i kjøkenhagen.

Blomane er etande og eignar seg godt som dekorativ pynt på kaker, dessertar og i salatar. Dei kan òg tørkast og brukast i teblandingar eller som naturleg blomsterpynt. Kornblomst er dessutan ein framifrå snittblomst med lang haldbarheit i vase.

Plantene blir 50–80 cm høge og blomstrar rikt frå juli til september. Ei lettdyrka og nøysam sommarblomst som kombinerer nytte, skjønnheit og liv i kjøkenhagen.

Dyrkerettleiing blomar ein kan ete