Havrerot – Gammal Gotlandsk – Oppalsplantar

kr 39,00

Debiomerke farger med norsk kode

Melkekartong med 2-3 plantar. Obs, dette er ikkje ein nettbutikk, det er betalingsløysing for det sjølvbetjente utsalet frå garden vår. Vi sender ikkje plantar i posten.

15 på lager

Beskrivelse

Havrerot er ein gammal, nesten gløymd rotgrønsak med søt og aromatisk smak. Ein kan dyrke den som skorsonnerrrot (svartrot) i god og djup jord og den treng lang vekstsesong. Skrell den med potetskrellar og varmebehandle den før bruk. Nydeleg i supper og gryter. I England er den kjent som “vegetable oyster” (grønsaks-østers).

Latinsk namn: Tragopodon porrifolius

Når du skal plante ut klipper du forsiktig botnen ut av melkekartongen og plantar heile kartongen i djup jord. Om det blir trongt i kartongen etter kvart kan ein klippe opp eine sida for å gjere plass til røtene etter kvart som dei veks.

Obs! Havrerot er vinterherdig og kan spre seg og bli eit ugras om ein ikkje passar på. Den egnar seg derfor best i pallekarm eller annan avgrensa dyrkeplass.

Foto: Solhatt

Havrerot i mat

Havrerot, eller rotgeitskjegg som den også vert kalla er ein relativt lite kjend grønsak her hos oss.

Smaken er delikat og litt søtleg, og vert ofte samanlikna med smaken av østers, asparges, artiskokk og pastinakk. Havrerot er kjempegod i supper, gratengar og i stuingar. Skiver av havrerot kan også glaserast – som gulrot. Blada kan ein også ete, og då særleg dei unge skota har en pikant smak som kan minne om sikori.