Beskrivelse
Canadian Wonders kidneybønner har ein vakker raudviolett farge og nøtteaktig og god smak. Med ei utviklingstid på omtrent 110 dagar skal det vere mogleg å rekke å få tørre og fullmodne bønner før frosten kjem. Dei bønnene som ikkje rekk å bli heilt tørre kan ein forvelle i 10 min og ete på direkten. Dei halvmodne rosaviolette frøa er ein delikatesse. Det går også an å hauste dei tidlege grøne spede og plattrunde belgane og ete som snittbønner.
Vanlegvis veks Canadian Wonder som ei buskbønne, men av og til kan det skyte av gårde ein utløpar. Når ein ventar frost klipper ein av heile planten og henger den opp på ein luftig stad for vidare tørking.
Canadian Wonder har vore på markedet sidan før 1873 og er kjent under fleire namn som Red Canadian og Summer’s Canadian Wonder.
Plante og radavstand: 10-15 cm mellon plantane og 35-50 cm mellom radene.
Plantavstand: 15 cm
Radavstand: 35-50 cm
Planthøgd: 45 cm
Blir det ein kald sommar kan det hende ein må til med fiberduk for å få modne frøbønner. Men det fine med frøbønner er at ein kan ete dei umodne belgane som haricots verts (grønne brekkbønner) og dei umodne frøa kan brukast i gryter og supper o.l.
Obs! Som med alle bønner må desse kokast/varmebehandlast på annan måte før ein et dei.