Frøbønne Black Turtle – økologiske småplantar i brett (ca 6 stk)

kr 72,00

Debiomerke farger med norsk kode

OBS! Vi sender ikkje i posten. Dette er infosida for det sjølvbetjente planteutsalget frå garden vår.

Økologiske småplantar

25 på lager

Kategorier: , Stikkord:

Beskrivelse

Svarte bønner er perfekt til bønnegryter, fredagstacoen og søndagsbiffen. Den vesle Black Turtle bønna har veldig god smak og veks raskt nok til å kunne gje ei bra avling til og med i den korte vestlandsommaren. Planten er ganske liten og har tynne belgar. Den har buskaktig vekst utan tendens til utløparar og gjev bra avling til trass for at belgane er ganske korte (ca 10 cm). Namnet Turtle har den fått fordi bønna har hardt skall, men når bønna er godt kokt er den mjølen og lett å ete.

Plante og radavstand: 10-15 cm mellon plantane og 35-50 cm mellom radene. 40 cm høg buskbønne.

Blir det ein kald sommar kan det hende ein må til med fiberduk for å få modne frøbønner. Men det fine med frøbønner er at ein kan ete dei umodne belgane som haricots verts (grønne brekkbønner) og dei umodne frøa kan brukast i gryter og supper o.l.

Obs! Som med alle bønner må desse kokast/varmebehandlast på annan måte før ein et dei.

Dyrkerettleiing bønner