Chili raud – Sibirsk Chili – økologisk småplante

kr 48,00

OBS! Vi sender ikkje i posten. Dette er betalingssystemet for det sjølvbetjente planteutsalget frå garden vår

Debiomerke farger med norsk kode

Økologisk småplante. Firkantpotte (7,5×7,5×7 cm). Pottevolum: 0,273 liter

Kjem snart for salg.

Beskrivelse

Sibirsk Chili kjem frå Sibir. Der blir den ofte dyrka som fleirårig potteplante innandørs. Plantane blir ca. 100 cm høge og har veldig kompakt vekst. Den kan også dyrkast utandørs på ein solrik og lun stad, eller i veksthus. Plantane gjev rikeleg med små, raude og koniske frukter som også egnar seg godt til tørking. Egnar seg god til å lage chilipulver. Vi har dyrka denne i 3,5 liters potter og synes vi har fått bra avling. Vi har brukt undervatningskål i drivhuset og gjødsla med pelletert hønsegjødsel berekna på grønsaker. Denne går det også an å dyrke inne på kjøkkenet dersom ein har ein litt stor glaskarm. Då kan det vere lurt å sette ei gul limfelle i potta for å fange eventuelle hærmygg som kan dukke opp og gjødsle med flytande gjødsel i staden for hønsegjødsel. Hærmygg var ein av dei mindre gledelege overraskingane som dukka opp då vi gjekk frå konvensjonell dyrkejord til økologisk jord med meir ukompostert organisk materiale. Dersom ein passar på å bruke undervatning (hærmygglarvane bur i dei 2-3 øverste cm med jord og tåler ikkje tørke) og limfeller held ein som regel hærmyggen i sjakk. Fruktene går frå grønt til skinnande rødt og formen er konisk og litt stutt, ca 4-5 cm lange. Smaken er fruktig og søt og ikkje av dei sterkaste.

15 000-30 000 Scovillegrader 

Latinsk namn: Capsicum annuum

Dyrkerettleiing paprika