Chili oransje – Bulgarian Carrot/Shipkas – økologisk småplante

kr 48,00

OBS! Vi sender ikkje i posten. Dette er betalingssystemet for det sjølvbetjente planteutsalget frå garden vår

Debiomerke farger med norsk kode

Økologisk småplante. Firkantpotte (7,5×7,5×7 cm). Pottevolum: 0,273 liter

Kjem snart for salg.

Beskrivelse

Bulgarian Carrot gjev mengder med ganske milde oransje frukter som er ca 6-7 cm lange. Det oransje fruktkjøttet er sterkare enn jalapeno, men svakare enn Habanero. Den passar godt som ein allround chili til chutney, marinader, salsa, sterke sausar og gryter. Planten er kompakt på ca 40 cm høg. Vi har dyrka den i 3,5 liter planteskulepotter på undervatningskål i drivhuset og gjødsla med pelletert hønsegjødsel berekna på grønsaker. Denne går det også an å dyrke inne på kjøkkenet dersom ein har ein litt stor glaskarm. Då kan det vere lurt å sette ei gul limfelle i potta for å fange eventuelle hærmygg som kan dukke opp og gjødsle med flytande gjødsel i staden for hønsegjødsel. Hærmygg var ein av dei mindre gledelege overraskingane som dukka opp då vi gjekk frå konvensjonell dyrkejord til økologisk jord med meir ukompostert organisk materiale. Dersom ein passar på å bruke undervatning (hærmygglarvane bur i dei 2-3 øverste cm med jord og tåler ikkje tørke) og limfeller held ein som regel hærmyggen i sjakk.

5 000-30 000 Scovillegrader 

Latinsk namn: Capsicum annuum

Dyrkerettleiing paprika

Foto: Runåberg