Beskrivelse
Ein veldig tidleg chili som kan prøvast både i veksthus og på solrike lune utestadar. Fruktene blir omlag 15 cm lange. Fruktene er først gulgrøne («blanco») og går deretter over i oransje til kraftig mørkerødt. Dekorativ sort med frukter i tre ulike fargar samstundes på planten. Ein fruktig og litt søt chili. Planten blir omlag 40 cm høg, står stødigt og gjev 10-15 frukter. Kan brukast i alle rettar der ein ønskjer chili og er fin å fryse i bitar eller bake i ovn.
Vi har dyrka den i 3,5 liter planteskulepotter på undervatningskål i drivhuset og gjødsla med pelletert hønsegjødsel berekna på grønsaker. Denne går det også an å dyrke inne på kjøkkenet dersom ein har ein litt stor glaskarm. Då kan det vere lurt å sette ei gul limfelle i potta for å fange eventuelle hærmygg som kan dukke opp og gjødsle med flytande gjødsel i staden for hønsegjødsel. Hærmygg var ein av dei mindre gledelege overraskingane som dukka opp då vi gjekk frå konvensjonell dyrkejord til økologisk jord med meir ukompostert organisk materiale. Dersom ein passar på å bruke undervatning (hærmygglarvane bur i dei 2-3 øverste cm med jord og tåler ikkje tørke) og limfeller held ein som regel hærmyggen i sjakk.
30- 50 000 Scovillegrader
Latinsk namn: Capsicum annuum

