Cannellino (frøbønne) – Økologiske småplantar i brett (ca 6 stk)

kr 72,00

Debiomerke farger med norsk kode

OBS! Vi sender ikkje i posten. Dette er infosida for det sjølvbetjente planteutsalget frå garden vår.

Økologisk småplante

25 på lager

Beskrivelse

Den berømte minestronebøna frå Italia. Ho har store, kvite til lyst grøne, nyreforma bønner som blir pilla ut av dei gulgrøne belgene og tilberedte ferske. Bønnene passar ikkje berre til minestrone, men også i ei rekkje andre rettar. Dei er svært milde og mjuke, men held likevel godt på fastleiken når dei blir kokte.

Planta er middels stor og kraftig. Belgane kan brukast som brekkbønner, medan dei fullt utvikla, men framleis umogne frøa eignar seg godt som eigen rett eller i gryter, supper (minestrone) og liknande. Dei kan òg konserverast eller frysast med godt resultat. Cannellino kan òg få vekse så lenge som mogleg utover hausten og haustast som tørr kokebønne til vinterbruk. Ønskjer ein modne frøbønner til tørking bør ein dyrke plantane under duk for å sikre at dei blir mogne før frosten kjem.

Plantane vert 30-40 cm høge. Hald ein avstand på 10–15 cm mellom plantene og 35–50 cm mellom radene.  I bed kan radene stå noko tettare. Ver likevel varsam – bønner bør vekse luftig. I fuktig klima er det best å velje større rad- og planteavstand. Belgene kan brukast som brekkbønner, medan dei fullt utvikla, men framleis umogne frøa eignar seg godt som eigen rett eller i gryter, supper og liknande. Dei kan òg konserverast eller frysast med godt resultat.

Dyrkerettleiing bønner