Beskrivelse
Ikkje-klatrande buskblomkarse blanding med enkle blomar i vakre nyansar av gult, oransje og raudt. Både blada og blomane er etande, med ein frisk og lett peparaktig smak som minner om karse eller sennep. Dei er eit dekorativt og smakfullt innslag i salatar, på smørbrød og som pynt på sommarrettar.
Buskblomkarse er òg ein nyttig plante i kjøkenhagen. Plantar du ho rundt frukttre og grønsaker, kan ho bidra til å lokke bladlus bort frå andre vekstar. Dei fargerike blomane trekkjer dessutan til seg bier og andre pollinerande insekt.
Dei friske, grøne frøkapslane kan syltast i eddik og brukast som ein smakfull erstatning for kapers. Blomane eignar seg også godt som snittblomar. Blomkarse er lett å samle frø av dersom ein
Blømer frå juni og heilt fram til den første frosten.
Foto og tekst: Solhatt

