Apargesbønner (brekkbønner) – Stanley – økologiske småplantar i brett (ca 6 stk)

kr 72,00

Debiomerke farger med norsk kode

OBS! Vi sender ikkje i posten. Dette er infosida for det sjølvbetjente planteutsalget frå garden vår.

Økologisk småplante

24 på lager

Kategorier: , Stikkord:

Beskrivelse

Aspargesbønner har små, runde og kjøtfulle skolmar. I Norge er det ofte størrelsen på skolmane som bestemmer om dei er brekkbønner eller aspargesbønner. Ferske bønner bør varmebehandlast før konsum. Aspargesbønner kan kokast, smørdampast, stuast eller tilsettes til gryteretter/wok. Kok dei for eksempel i lettsalta vatn i 2-3 minutt. Dei bør brukast rett etter koking eller leggast i isvatn for å forhindre at kokeprosessen fortsetter. Bønner er deilig som grønsak til kjøt- og fiskeretter.

Aspargesbønner treng ein varm og lun stad å vekse. Stanley er ein robust sort som gjev god avling og planten gjev større avling om ein haustar inn regelmessig. 12-13 cm lange skolmar. Plantehøgde ca 50 cm. For både konsum og industri (sylting/forvelling). God holdbarhet på felt og etter hausting.

Vi har hatt desse aspargesbønnene i kjøkenhagen i sikkert 15 år og dei var ein av Måneskinsbonden sine favorittar som han alltid passa på å ha på sålista si. Den er godt tilpassa vårt lokale klima og gjev mengder med søte og sprø skolmar. Dei skal berre ha kort varmebehandling så det er heilt passeleg å sende ungane ut etter skolmar i det ein fyrer opp wokpanna. Vi legg i skolmane dei siste tre minutta før vi set wokpanna på bordet.

Foto: LOG

Dyrkerettleiing bønner

Aspargesbønner i mat