6-pakning Betemiks

kr 69,00

OBS! Vi sender ikkje i posten. Dette er betalingssystemet for det sjølvbetjente planteutsalget frå garden vår

Debiomerke farger med norsk kode

Økologiske småplantar

Utsolgt

Beskrivelse

Ein 6-pakning med småplantar av betar i ulike farger for dei evige optimistane (oss sjølv inkludert) som ønskjer å freiste skjebnen og plante ut litt før faren for nattefrost er over.  Dette er små oppalsplantar som gjerne ønskjer å bli planta ut så raskt som mogleg for å vekse vidare. Vatn godt ved planting. Velg gjerne om mogleg ein litt overskya dag for utplantinga for å gje plantane ein litt skånsom start på utelivet. Ein må ha fiberduk o.l. tilgjengeleg for dekke i tilfelle vermeldinga viser minusgrader. Ca 3 plantar i kvar plugg. Ein kan plante ut kvar plugg for seg som ei klynge. Då er det lurt å hauste småbetar frå kvar klynge etter kvart som dei veks slik at resten får større plass. Eventuelt kan ein dele forsiktig rotklumpen og plante ein og ein.

Dyrkerettleiing betar

Betar i mat